Treng du pengar til å gjennomføra ein friluftsaktivitet neste år? No kan lag og organisasjonar søkja om tilskot hos Vestland fylkeskommune. Søknadsfristen er 1. desember.
Tilskotsordninga skal medverka til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper.
Kva kan få støtte?
Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar.
Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell, som medverkar til å fremja den friluftslivsaktiviteten som det blir søkt om tilskot til. Det kan vera til dømes fiskestenger, kompass, eit avgrensa tal enkle telt og liknande. Informasjonstiltak om rettar og pliktar etter allemannsretten kan òg få tilskot.
Gode prosjekt vert støtta med tilskot frå 10 000 kr til 100 000 kr. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vereahøgare enn 50 prosent av dei totale ressursane for prosjektet.