Skip to main content
Sist oppdatert: 13. november 2024
Opprettet dato: 11. november 2024

Henny dansa med Elvis!


Stemninga stod i taket då sjølvaste Elvis besøkte Kleppestø sykehjem i forrige veke. Henny var ein av fleire bebuarar som svinga seg til kjende og kjære låtar!

Bildet viser en eldre dame som gir en mann utkledd som Elvis, et lite kyss på kinnet. Mannen har mørke solbriller og en svart parykk på seg. Damen har kort, lyst hår.
Elvis lokka fram gleda og smilet hos bebuarane på Kleppestø sykehjem. (Foto: Stig Ryland)

Musikkafeen på Kleppestø sykehjem er ein populær aktivitet. Ein gong i månaden kjem det artistar gjennom Den kulturelle spaserstokken på besøk og opptrer for og med bebuarane.

Elskar å syngja

For Henny er musikkafeen eit høgdepunkt. Ho likar å halda på med kryssord og andre aktivitetar som dei har på sjukeheimen, men det er noko heilt anna å koma på kafeen.
- Her kan eg dansa og syngja. Eg elskar å syngja, særleg på engelsk, seier ho med eit stort smil rundt munnen. I dag har ho øvd litt ekstra på gamle Elvis-songar.

Song og dans

Kulturarbeidar på sjukeheimen, Marielle Woll Sigvaldsen, fortel at dei eldre gler seg mykje til samlingane kvar månad.
- Vi er veldig glade i Den kulturelle spaserstokken. På musikkafeen har vi songhefter og får besøk av Monica Eide eller andre artistar. Ein gong i året pyntar vi litt ekstra, ryddar plass til eit dansegolv og har ein liten bar i tillegg. Vi ser at musikkafeen også betyr mykje for dei pårørande, seier Marielle.

Kjenner på mestring

- Det er ein givande jobb å syngja for dei eldre og sjå at dei kosar seg, seier kulturarbeidar Dag Atle Håland. Saman med Monica Eide og Marielle Woll Sigvaldsen syng og spelar han ofte på kafeen. Monica kosar seg også skikkeleg saman med bebuarane.
- Først ser du ein finger som byrjar å gå litt og ein fot som trampar takten, og så er det plutseleg nokon på dansegolvet. Dei opplever noko utanom den vanlege kvardagen og får kjenna på mestring, fortel Monica.  


Journalist:
Stig Ryland

Fant du det du lette etter?

Det var dumt, kan du hjelpe oss med å forstå hva du var på utkikk etter?

Det var dumt, kan du hjelpe oss med å forstå hva du var på utkikk etter?