Skip to main content
Sist oppdatert: 23. september 2024
Opprettet dato: 20. september 2024

Hylla nytt bibliotek med eige dikt


Et koselig bibliotek eller leserom med bokhyller langs bakveggen. I forgrunnen er antikke stoler og en sofa plassert rundt et salongbord. En lysekrone henger over, og det er et stort vindu på venstre side. Rommet har en blanding av moderne og klassiske elementer, som skaper en innbydende atmosfære for lesing eller avslapning.
Velkommen til det fantastiske biblioteket vi har fått i kommunen, på Kleppestø senter.

Fleire hundre nysgjerrige og spente askøyværingar tok turen innom då det nye biblioteket opna i går. På opningsfesten om kvelden blei biblioteket hylla av den kjende stuntpoeten Arne Torget.

Sjå bilete av biblioteket nedst på sida!

Attraktivt

Det nye biblioteket har fått ein meir sentral og passande plass på Kleppestø Senter og har også fått fleire nyvinningar. Den nye barneavdelinga med eit eige fantasy-rom slo særleg godt an blant dei besøkjande i går. Biblioteket har også fått ein stor sal som eignar seg godt til både førestillingar, intim-konsertar, debattar, forfattarmøte og andre arrangement.

Biblioteket er blitt endå meir attraktivt og tilgjengeleg for innbyggjarane. Dette er verkeleg noko vi kan vera stolte over, sa ordførar Yngve Magnus T. Fosse då han offisielt opna biblioteket.

Flytta 400 000 gjenstandar

Biblioteksjef Irene F. Hantveit er særs godt nøgd med korleis biblioteket har blitt.

- Dette er mykje finare enn eg våga å drøyma om, sa ho på opninga. Ho nytta høve til å takka dei tilsette på biblioteket for den store innsatsen som er gjort undervegs og særleg i samband med flyttinga av rundt 400 000 gjenstandar dei siste vekene. Hantveit skraut også av det gode samarbeidet med både eigarane av Kleppestø Senter, arkitektar og dei som har utført sjølve oppussinga.

Biblioteket må vera eitt av det finaste og mest moderne som finst i Noreg, sa ein stolt biblioteksjef.

Skreiv dikt på ferja

På opningsfesten vanka det lovord frå både ordførar, kultursjef, Kleppestø Senter og Askøy Mållag. Dei lokale artistane Jan-Ove Hansen og Per Berg lokka smilet fram hos tilhøyrarane, og det same gjorde den kjende stuntpoeten Arne Torget. Han tok turen frå Husnes for å hylla biblioteket med dikt og gode historier. På ferja frå Vanjaneset til Hatvik i går hadde han til og med skrive eit nytt dikt til ære for det nye biblioteket:

Askøy folkebibliotek

Biblioteket var ein magisk stad då eg var liten gut
Då var det bøker og ikkje folk dei lånte ut.
Biblioteket var ei trygg havn i mine unge år
Der jobba Dagmar, naboen vår.

Bøker fekk for meg ein stor verdi
Meir enn papir med bokstavar i.
Eg likte historiar, både triste og fine
Drøymte om å sjå bøker med historiane mine.

Bøker var kjekkaste gavene eg fekk
Kunne sitje for meg sjøl og drøyme meg vekk.
Men hos Dagmar kunne vi ikkje gjera som vi ville
Vi måtte sitja i lesekroken og vera stille.

Men det var fint det og, å vera stille i lag
Det er ikkje ofte vi får oppleva det i dag.
På biblioteket var det reglar, men eg kjende meg fri
Når eg tenkjer meg om har eg ei bok eg lånte i 1979

I dag er biblioteket blitt så mykje meir
Oppgåvene til bibliotekarane blitt fleir og fleir.
Og kanskje er det ingen oppleving som er så sprek
Som splitter nye Askøy Folkebibliotek.

Di eigen vesle øy midt i ein sjø
Som ein Oase i senteret på Kleppestø.
Med opplevelsar eg aldri fekk sjå
Som berre såg bøker med bokstavar på.

Biblioteket er grunnmuren i norsk kultur
Som er så viktig å ha der du bur.
Der du kan gå inn og drøyma deg bort
Med engasjerte bibliotekfolk av beste sort.

Med dei aller beste opplevelsar på bordet
Så no må du gå rundt og spre ordet
Om det beste Folkebiblioteket i Norge
Direkte frå Kleppestø, Arne Torget

En mann med ordførersmykke som snakker

Ordfører Yngve Fosse stod for den offisielle åpningen.

En mann i kappe som leser fra en bok

Poet Arne Torget har laga dikt til biblioteket.

En dame som snakker engasjerende

Bibliokteksjef Irene F. Hantveit var synlig stolt over det nye bibliotket.

Lesekrok med stoler, bord og sofa

Vi har mange flotte lesekroker på biblioteket. Velkommen!

Vesker hengende på en vegg med logo til Askøy folkebibliotek

Du kan lage din egen veske på biblioteket. Vi har utstyret som trengs!


Journalist:
Dag Folkestad

Fant du det du lette etter?

Det var dumt, kan du hjelpe oss med å forstå hva du var på utkikk etter?

Det var dumt, kan du hjelpe oss med å forstå hva du var på utkikk etter?