Visjonen vår er: VI VEKS - med mot, meistring og mangfald.
Vi har fokus på tilpassa opplæring, tidleg innsats, stasjonsundervisning og digital læring.
Skulen har utvikla eit sett verdiar som styrer prioriteringane i kvardagen.
Læringssyn
- Undervisninga er godt førebudd
- Det er tydeleg og god klasseleiing
- Undervisninga er tilpassa den einskilde eleven
- Læraren driv systematisk vurdering
- Elevane tek aktivt del i undervisninga
Elevsyn
- Eleven skal bli verdsett, respektert og tilhøyrer fellesskapet
- Dei vaksne er tydelege og omsorgsfulle
- Eleven får ros
- Vaksne og barn jobbar målretta mot mobbing
- Dagen er variert, og det er eit positivt miljø rundt måltid og pausar
I møte med samfunnet må elevane vere rusta med
- evne til å lære
- gode basisdugleikar
- evne til å vise respekt og empati
- gode dugleikar i å kommunisere og samarbeide
- evne til kreativ tenking og problemløysing