Vi ønsker nå å åpne for utleie av skoler igjen. Av praktiske årsaker kan ikke dette starte før tidligst 21. september. Grunnen til at vi ikke kan åpne tidligere, er at det må kjøpes inn nødvendig utstyr. Vi har ikke ekstra utstyr på lager, men dette er i bestilling.

Smittevernsansvarlig må gjennomgå kurs

En forutsetning for utleie er at laget/organisasjonen har oppnevnt en smittevernsansvarlig. Disse MÅ gjennomgå kommunens basiskurs i smitteforebyggende renhold – hva, hvorfor og hvordan. Blant annet renhold av kontaktpunkter og toaletter mellom hver utleier. Uten kurs, ingen leie

Det skal alltid være en smittevernsansvarlig på øvelsene/treningene. Den som har tatt kurs, kan igjen lære opp andre i laget sitt. Hvis en smittevernansvarlig ikke kan være tilstede, må kveldens arrangement avlyses. Alle ansvarlige må skrive under på at opplæring er gjennomgått:

pdf Avtale om bruk av skolelokaler til musikkøvelser (146 KB)

Kurspåmelding via Det skjer Askøy

Hvert kurs varer ca 30 minutter, og det er nødvendig med påmelding. Alle kursene holdes på Florvåg skole, og du melder deg enkelt på via Det skjer Askøy. Her velger du bare dato og klokkeslett for det kurset som passer deg.

Kursene 9. og 10. september er avlyst på grunn av smittesituasjonen. Påmeldte blir kontaktet, og vi gjennomfører kursene neste uke, 16. og 17. september).

Kursene holdes 16. og 17. september, klokken 18.00, 18.45 og 19.30:

Finn kurstidspunkt og meld deg på her: Det skjer Askøy

Kommuneledelsen ønsker at utleie skal gå etter oppsatt plan. Tilfeldig utleie har vi ikke kapasitet til.

Ser an smittesituasjonen

Smittevernsituasjonen kan endre seg fort og vi vurderer utleie fortløpende.

Kommunale bygg og anlegg blir åpnet for alle aldersgrupper, men aktiviteter for barn og unge under 20 år blir prioritert dersom det skulle bli nødvendig.

Det åpnes ikke for breddeidretten i denne omgang.

Skoler kan ikke leies ut i den tiden elever er der. Klasserom leies ikke ut. Lokale i helsebygg og omsorgsinstitusjoner er ikke tilgjengelige for leie.

Vi viser også til kommunens generelle reglement om leie av skolerom

Se veileder

Vi viser også veiledere under:

Smittevernansvarleg

Smittevernansvarleg

Alle leigetakarane skal ha ein smittevernansvarleg til stades ved all bruk av kommunale anlegg, bygg og lokale.

Den smittevernansvarlege har ansvar for at smittevernreglene er kjende for alle deltakarane.

  • bidra til at smittevernreglene vert haldne.

  • sikra at det vert gjennomført reinhald av kontaktpunkt etter bruk.

  • setja av nok tid mot slutten av kvar treningsøkt til reinhald av kontaktpunkt.

  • halda oversyn over deltakarane med namn og kontaktinformasjon, og i tillegg sjå til at ingen som er sjuke eller i karantene deltek på arrangement eller trening.

Smittevernreglar

Smittevernreglar

  • Dei gjeldande smittevernreglane skal følgjast. Det gjeld dei nasjonale og kommunale reglane og dei smittevernreglane som er utarbeidde av eigne særforbund. Låntakar kan ikkje sjå bort frå desse reglane.

  • Alle lag og foreiningar skal gjennomføra ein eigen risikoanalyse retta mot eigen aktivitet og skildra tiltak for å redusera smitterisiko for koronasjukdom. Risikoanalysen må ta utgangspunkt i retningslinjene for covid 19 til dei aktuelle særforbunda i Norges idrettsforbund. Reglar utarbeidde av anleggseigar, lokale eller sentrale helsestyresmakter vil overprøva retningsliner frå t.d. Norges idrettsforbund og andre nasjonale forbund.

  • Ingen, korkje utøvarar eller leiarar, kan møta opp i lokala/anlegga dersom dei har symptom på infeksjonssjukdom. Dette gjelder særleg luftvegsinfeksjon. Dei kan heller ikkje møta opp dersom dei er positivt koronasmitta eller i karantene som følgje av koronaviruset.

Reglar som gjeld kvar trening/øving

Reglar som gjeld kvar trening/øving

  1. Ikkje møt opp om du er sjuk. Då skal du halda deg heime!
  2. Sprit/vask hendene både før og etter trening og undervegs i økta dersom nødvendig.
  3. Unngå å ta på for mange stader i løpet av ei økt Hald avstand på minst eín meter til andre i løpet av treninga, både før, under (gjeld berre vaksne under trening) og etter.
  4. Unngå å bli igjen i lokalet etter trening, då andre kjem etterpå. Møt opp til eiga treningstid og unngå å opphalda deg lenge i hallen.
  5. Garderobane er stengde for all bruk!

Det er viktig at alle gjer seg kjende med smittevernsreglane frå Folkehelseintituttet, Norges idrettsforbund og eigne forbund og prøver å halda seg oppdaterte på desse. Skjer det store endringar, vil kommunen gå ut med ny informasjon!

Vert nokon sjuk, er det viktig at den personen gjev beskjed til smittevernansvarleg i klubben så fort som mogleg!

Smittevernsreglane skal følgjast. Vert dei brotne, kan kommunale bygg og anlegg verta stengde på̊ kort varsel.

Bruk av lokale

Bruk av lokale

  • Garderobane i anlegga skal ikkje nyttast (gjeld ikkje symjing)
  • Det er ikkje ope for publikum i innandørsareala til kommunen under trening, øvingar, treningskamper osb.
  • Utleigetidene vert ikkje justerte. Kvart enkelt lag må bruka av si tildelte tid til av tørking og desinfisering av felles kontaktpunkt før neste lag/organisasjon skal nytta lokalet. Det skal altså vera ein pause mellom aktivitetane til dei ulike gruppene. Brukar av lokalet/anlegget er ansvarleg for at denne reingjeringa vert gjort forsvarleg.
  • Det skal etter kvar gruppe gjennomførast reingjering av alle kontaktflater (t.d. handtak, målstolpar, ballar, blinkar, hekkar m.m.) Det skal gjennomførast lufting. Der det er mogleg, bør det brukast ei dør til inngang og ei til utgang.
  • Brot på retningslinjene kan føra til at anlegget eller lokala vert stengde for den aktuelle gruppa.
  • Dersom det ikkje er sett ut behaldarar med handsprit i lokala, må ansvarleg brukar/lånar ha dette tilgjengeleg

Idrett

Idrett

  • Folkehelseinstituttet har i samarbeid med Helsedirektoratet utarbeidd ein rettleiar med råd om forsvarleg smittevern for koronaviruset for idrettslag- og foreiningar.
  • Rettleiaren gjeld for Norges idrettsforbund (NIF), særforbund, idrettslag, foreininger og andre som arrangerer organisert idrett. Dei enkelte særforbunda har utarbeidd råd og tilrådingar tilpassa dei spesifikke idrettsgreinene og aktivitetane. Det vert skilt mellom vaksne og barn/ungdom når det gjeld kontaktreduserande tiltak.
  • Med barn/ungdom meiner vi personar til og med 19 år.
  • Maksimalt 20 i treningsgrupper
  • For ordinære treningar vert det mogleg å ha maksimalt 20 personar i ei gruppe. Fleire grupper av maksimalt 20 personer kan samlast dersom gruppene vert skilde frå kvarandre, og dei enkeltvis og samla kan halda smittevernråda.
  • For vaksne gjeld avstandsregelen om minst eín meter mellom personar, også internt i gruppa. Dette gjeld både innandørs og utandørs.
  • Regelen om avstand på minst eín meter gjeld ikkje barn og unge i dei tilfella der det er nødvendig med kortare avstand enn eín meter for å kunna gjennomføra ei normal utføring av trenginga.

Meir informasjon frå Norges Idrettforbund

Symjehallar

Symjehallar

Med organisert symjing meiner vi all aktivitet med ein ansvarleg arrangør (skule eller foreining/lag osb.) som driv ei form for symjeopplæring, symjetrening, kurs og konkurransesymjing i regi av symjeklubbar. For organiserte idrettsaktiviteter gjeld også råda i «Veileder om smittevern for idrett (covid-19)».

Utleigetider vert ikkje justerte. Kvart enkelt lag må bruka av si eiga tid til tørking og desinfisering før neste lag/organisasjon skal ha trening. Det skal vera pause mellom gruppene for å sikra avtørking og desinfisering av felles kontaktpunkt. Brukaren (lånar) er ansvarleg for at denne reingjeringa vert gjort forskriftsmessig. Laga må vera ute av garderobane/symjehallen i god tid før neste gruppe skal inn.

NB! Inntil vidare er symjehallane ikkje opne for publikumsbading.

Generelle råd for å hindra smittespreiing i symjehallar

Symjeanlegg har i samsvar med gjeldande forskrift allereie svært strenge krav til reinhald og hygienetiltak for å opprettholda normal drift. På same måte er det strenge krav til behandling av vatn, noko som gjev liten risiko for smitte via bassengvatn. Det er derimot utfordrande å forhindra kontaktsmitte/dråpesmitte gjennom avstandsavgrensing og forsterka reinhald i symjeanlegg.

Særleg utsatte område vil vera i tilkomstområde, garderobar og dusjanlegg.

De tre grunnpilarane for å bremsa smittespreiing er:

  • Personar med symptom koronasjukdom skal ikkje vera til stades.
  • God hygiene (handhygiene, hostehygiene og unngå å ta deg til ansiktet med hendene).
  • Redusert kontakt mellom personer

Det viktigaste tiltaket er å forhindra at sjuke personar besøker anlegget. Alle besøkande må vaska seg med såpe og vatn i dusjen før og etter badet. Som følgje av dette, vil garderobar knytt til symjeanlegg difor vera opne sjølv om garderobar i samband med annan type idrett og aktivitet framleis vera stengde.

Det er viktig at det vert lagt til rette for avstand på minst eín meter mellom dei som oppheld seg i garderobane og ved dusjing. Det må sikrast at toalettkapasiteten er tilstrekkelig med omsyn til tal personar som er i symjeanlegget samstundes.

Garderobeskap og dusj

I prinsippet bør annakvart skap og annankvar dusj vera avlåst dersom avstanden mellom dei er under eín meter. Det må gjerast lokale tilpassingar ut fra utforminga av garderobane og dusjane.

Ettersom storleiken og utforminga på bassenganlegga med tilhøyrande fasilitetar er så ulike, vil det vera fornuftig at det er den kommunale helsestyresmakta ved kommunelegen som vurderer om det enkelte bassenganlegget har sett i verk tilstrekkelege smitteverntiltak ved gjenopning. Dette er også i samsvar med forskrift om miljøretta helsevern.

Dersom desse kontaktreduserande tiltaka vert sette i verk, samstundes om ein har eit svært avgrensa tal personar i anlegga, vil risikoen for smitte vera låg.

Meir informasjon frå Norges Svømmeforbund

Kultur, kor, korps og andre

Kultur, kor, korps og andre

For å avgrensa smitte under ei kontrollert gjennomføring av øvingar, er det ei rekkje tiltak som skal setjast i verk for å redusera smitterisiko.

Alle tiltak må byggja på retningslinjer og tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet

De fem hovedpunkta for å bremsa smittespreiing under musikkøvingar er:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på musikkøvingar
  • God hygiene
  • Ingen fysisk nærkontakt mellom personar
  • Vær aktsom ved sambruk av instrument og utstyr
  • Øvingslokalet må vera eigna: Det må vera tilstrekkeleg med plass til utøverar og utstyr

Ikkje gjennomfør musikkaktivitet med mindre du er helt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at han kan gjennomførast i samsvar gjeldande tilrådingar. I motsatt fall, skal aktiviteten avbrytast straks.

Folkehelseinstituttet har gitt tilråding for reingjering av ulike type element som golv, bord og utstyr.

  • Sikra tilgang på forsvarleg vasking av hender, herunder nok såpe og tørkepapir ved alle håndvaskar og toalett.
  • Ha alkoholbasert desinfeksjon tilgjengeleg.
  • Reingjering av pianotangentar, slagverksutstyr og andre flater som vert lagra i øvingsrommet og som skal nyttast under øvinga.
  • Det må sikrast forsvarleg handtering av kondens (spytt) fra blåseinstrument.
  • Det skal ikkje vera fysisk nærkontakt mellom personar.
  • Det er som hovedregel ikkje høve til å organisera musikkaktivitet dersom ein ikkje kan unngå fysisk nærkontakt, og/eller der det vil vera vanskeleg å halda krav om forsvarleg avstand til ei kvar tid under øving eller aktivitet. (det er gjort visse unntak for barn og unge inntil 20 år).
  • Lokalet må tømmast heilt før ny gruppe kan nytta rommet.
  • Det er ikkje mogleg å gjennomføra felles rigging.
  • Stolar og utstyr må setjst fram i forkant av øvinga.
  • Redusér kontakt som kan oppstå ved trengsel, ved å leggja inn pauseaktivitet og på veg inn og ut av øvinga.
  • Del inn øvingslokala i sonar, slik at det er lett å halda avstand.
  • Det er ikkje høve til felles servering av mat og drikke.
  • Dei som tilrettelegg for musikkøvingar skal halda seg oppdaterte på relevante tilrådingar frå offentleg helsestyresmakter og Norsk musikkråd og tilretteleggja aktiviteten i samsvar med dette.
  • Det kan ikkje arrangerast konsertar, stemne, meisterskap eller andre arrangement som samlar fleire enn reglane for maksimalt tal deltakarar.
  • Alle type musikkaktivitet må gjennomførast på ein måte som sikrar at tilrådingar frå Helsedirektoratet om samling av personar og samling i gruppe vert haldne.
  • Ikkje gjennomfør musikkaktivitet med mindre du er helt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at han kan gjennomførast i samsvar med tilrådingane. I motsett fall, skal aktiviteten avbrytast straks.
  • Det vert tilrådd at deltakarar på musikkøvingar vert inndelte i grupper på inntil 20 personar.
  • Avstand mellom kvar gruppe er det same som kravet til avstand mellom kvar person.
  • Ein skal både enkeltvis og samla følgja smittevernråda/reglane.
  • Kvar gruppe bør ha ein ansvarleg som held oversikt for at smittevernreglane vert følgde og dermed gjera det mogleg å gjennomføra rask smittesporing.

Meir informasjon fra Norsk Kulturråd

Meir informasjon fra Norges Musikkorpsforbund

Meir informasjon fra Norsk Korforbund

Møterom og anna bruk

Møterom og anna bruk

Lokala vert opna for bruk til møte og liknande. Dette følgjer dei gjeldande smittevernreglar, som er skildra i starten av dette dokumentet.

Alle leigetakarar skal ha ein smittevernansvarleg til stades på kvar enkelt møte/bruk av rom.

Den smittevernansvarlege har ansvar for:

  • at smittevernreglene er kjende for alle deltakarane.

  • bidra til at smittevernreglene vert haldne.

  • sikra at det vert gjennomført reinhald etter bruk, der det skal setjast av tid mot slutten av kvart møte nok tid til tilfredsstillande reinhald før ny brukar skal starta.

  • halda oversikt over deltakarar med namn og kontaktinformasjon, og i tillegg sjå til at ingen som er sjuke eller i karantene, deltek i møte.

Back to top