"Ein skule for alle"


Pedagogisk plattform

Læringsmiljøet på Fauskanger barne- og ungdomsskule skal vere trygt og stimulerande for alle elevar. Vår utfordring er å ta vare på kvar enkelt elev og legge til rette for at alle opplever ein meiningsfylt kvardag på skulen.

Elevane skal få støtte, og dei skal oppmuntrast til å utvikle seg fagleg og sosialt.

Skulen skal vere inkluderande, engasjerande og utfordrande.

Dette skal ligge til grunn for vårt syn på elevane og for vårt syn på lærarrolla.


Syn på eleven

Alle elevar

  • ynskjer å verte sett
  • ynskjer å meistre
  • lærer ulikt
  • har ressursar
  • har ynskje om tryggleik

Syn på lærarrolla

Alle vaksne skal

  • vere fagleg og pedagogisk dyktig
  • vere klar over sin måte å kommunisere på
  • vere rettferdig
  • byggje positive relasjonar
  • vere samarbeidspartnar og arbeidsleiar for elevane

Målsetting

Alle skal ha

  • solid basiskunnskap og kunne bruke denne i andre faglege og praktiske samanhengar.
  • evne til å vere kritisk og analytisk overfor informasjon.
  • evne til å kunne bruke ulike strategiar i ein læringssituasjon.
  • evne og vilje til å dele kunnskap med kvarandre.
  • evne til å reflektere over eigne haldningar og verdiar.

Prinsippa i den pedagogiske plattforma skal ligge til grunn for all opplæring på Fauskanger barne- og ungdomsskule.