Velkomen til Askøyskulen

Skulestarten er ein av dei store milepælane i livet, ein dag mange vil hugse for alltid. Vi ønsker alle elevar ein minnerik første skuledag, og ein god skulegang i askøyskulen gjennom 10 år med grunnskule.

Dei fleste tilsette i askøyskulane er lærarar, men i fagavdelinga arbeider det også leiarar, fagarbeidarar, spesialpedagogar og andre yrkesgrupper som saman jobbar for god kvalitet i opplæringa gjennom fokus på elevane si læring og utvikling.

Opplæringslova med forskrift er dei viktigaste styringsdokumenta for skulen. Vi oppfordrar foreldre om å setje seg inn i lovverket for skulen, og i læreplanen som viser kva elevane skal lære på skulen. Læreplanen inneheld ein generell del, her kan du lese om korleis skolen jobbar for å utvide barn og unge sine evner til erkjenning og oppleving, til innleving, utfalding og deltaking i samfunnet.

Samarbeidet mellom heim og skule er limet i elevane si læring og utvikling. Askøyskulen er avhengig av eit tett samarbeid med foreldra for å lukkast med å nå måla i lov og forskrift. Ingen kjenner barna betre enn foreldra, innsikta som de har om barnet er viktig for læringsarbeidet til eleven på skulen. Vi oppfordrar derfor foreldra til å vere aktive i dialogen med skulen, og delta på møteplassar som skulen inviterer til. Dersom de som foreldre prioriterer skulen i ein travel kvardag, vil barnet dykkar truleg gjere det samme.

Foreldre har stor mulegheit for å gjere ein positiv forskjell for skulen. Gjennom å engasjere deg i skulen sine organ for medverknad og utvikling, som foreldra sitt arbeidsutval (FAU) eller i samarbeidsutvalet (SU), kan du delta i eit samarbeid som styrker skulen som læringsarena for ditt og andre sine barn. Det er ein samfunnsnyttig, framtidsretta og ikkje minst hyggeleg dugnad å involvere seg i barnas skulegang og deira framtid.

Vi ønsker elevar og foreldre velkommen til skulestart!

 

loading...
Informasjon om skulestart

Elevar som skal starte på skulen neste haust vil få nødvendig informasjon frå skulen. Informasjon om påmelding til SFO og diverse samtykkeskjema vil du også få frå skulen. 

Desse og anna kommunikasjon med skulen vil ein gjere i Askøy kommunes skuleadministrative system VIGILO

Ansvaret i skulen

Kommunestyret er det øvste politiske organ i kommunen, og har det overordna ansvaret for skulane.

Kommunedirektøren er kommunens øvste administrative leiar.

Skolesjef er fagleg ansvarleg for skulane i kommunen.

Rektor er fagleg ansvarleg for den enkelte skule.

Avdelingsleiarar har det faglege og praktiske ansvaret for skulefritidsordninga (SFO) og ulike trinn.

Kontaktlærar er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av undervisninga.

Læreplan

Frå hausten 2020 tek vi i bruk nye læreplanar. Det er innhaldet i faga som er nytt. Skulane gjer tilbod om dei same faga som  i tidligare, og tre tverrfaglege tema; demokrati og medborgerskap, bærekraftig utvikling og fokehelse og livsmestring.

Det er også laga ein ny Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa. Der er verdigrunnlaget og dei overordna prinsippa for opplæringa:

  • likeverd og likestilling
  • kulturelt mangfald og - bevisstheit
  • evne til kritisk tenking og etisk bevisstheit
  • skaparglede, kreativitet, engasjement og utforskartrong
  • respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit
  • forståing og utøving av demokratiske verdiar og medverknad

Desse verdiane skal synast både i pedagogisk praksis og i samarbeidet mellom heim og skule. Både skulen og dei føresette kan bidra til at desse verdiane blir reelle i elevane sin kvardag.

Alle elevar skal få tilpassa opplæring

Barn er ulike, også når det gjeld læring. I opplæringslova § 1 avsnitt 3 står det at opplæringa skal tilpassast elevane sine evner og føresetnader. Tilpassa opplæring er eit verkemiddel for at alle elevar skal oppleve auka læringsutbyte. Det er ingen individuell rett, men skal skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa innanfor fellesskapet. Viss eleven ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av tilpassa opplæring, vil han/ ho ha rett på spesialundervisning. Opplæringslova § 5 seier følgjande om spesialundervisning:

”Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.(…) Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. (…)”

PPT - pedagogisk psykologisk teneste

Pedagogisk-psykologisk teneste (som ofte er forkorta til PPT eller PP-tenesta), er ei kommunal rådgjevande teneste for skulane og fungerer som sakkyndig instans i spørsmål om barn, ungdom og vaksne sin opplæringssituasjon og behov for spesialundervisning.

Elevar over 15 år, foreldre, barnehagar, skular og andre tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PP-tenesta for råd og rettleiing. For meir info, besøk PPT si heimeside.

Logopedtenesta Skole

Skole har logopedar som gir hjelp til enkeltelevar og rettleiing til skolane. Elevar med behov for logopedi blir meldt til skolen. Logopedane kan gi opplæring og hjelp på skolen. Tenesta følgjer ikkje vanleg skulerute, så det er muleg å få rettleiing utanom skulen sine opningstider.

Særskilt språkopplæring for elevar med anna morsmål

Opplæringslova § 2 avsnitt 8 handlar om elevar med anna morsmål enn norsk og samisk. Dei har rett til særskilt norskopplæring til dei har tilstrekkeleg norskkompetanse til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge deler.

Skulane på Askøy gir tilbod om grunnleggande norskopplæring i eigne innføringsgrupper første året. Deretter går elevane over i nærskulen sin og held fram si grunnleggande opplæring i norsk. Elevane får tilbod om morsmåls-opplæring på småskoletrinnet der vi kan skaffe kvalifiserte lærarar. Elevane kan få tospråkleg fagopplæring i tillegg til grunnleggande norskopplæring.

Skulefritidsordninga - SFO

Skulefritidsordning (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar i 1. til 4. klasse og for elevar i 5. til 7. klasse med særskilte behov. Tilbodet gjeld også i skulen sine feriar (sjå vedtekter for detaljar).

Opplæringslova §13, avsnitt 7 slår fast at skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Ein skal gi gode utviklingsvilkår til funksjonshemma barn. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for føremålet.

Skolefritidsordninga i Askøy er ein del av skulen si totale verksemd og skal gå inn i skulen sine planar for målsettingar og aktivitetar. Opningstider og annan informasjon får ein ved å venda seg til skulane. Påmelding gjer ein elektronisk på kommunen sine heimesider.

Utval for oppvekst (UFO) lagar felles vedtekter for SFO-tilbodet i kommunen. Vedtektene finn ein på kommunen sine heimesider og på den enkelte skule. Betalingssatsar for SFO- tilbodet blir vedteke av kommunestyret i samband med budsjettbehandlinga.

Oversikt over gjeldande satser i SFO.

Leksehjelp

Forskrift til opplæringslova seier at; «Kommunen skal tilby leksehjelp med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik kommunen avgjer.»

I Askøy kommune er timane fordelt med 6 timar på 5. til 7. trinn og 2 timar på 8. til 10.trinn. Kommunen har også eit samarbeid med Askøy Røde Kors om friviljuge som deltar i leksehjelpordninga ved enkelte skular.

Skulen sine rådsorgan

Skulen sitt samarbeidsorgan har som arbeidsmål at det skal fremje utvikling og samarbeid mellom skule, heim og nærmiljø. Samansetjing og formål er nærare beskrive i Opplæringslova kapittel 11.

  • Elevrådet er sett saman av representantar for elevane. Elevrådet skal fremje elevanes felles interesser i arbeidet med å skape et godt lærings- og skulemiljø.
  • Foreldrerådet/ FAU: Foreldrerådet er alle foreldra som har barn i skulen. Rådet skal medverke til godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldra i ein klasse/ gruppe velger ein eller fleire representantar til et arbeidsutvalg som blir kalt FAU. FAU representerer alle foreldra ved skulen, og skal sikre at foreldra har reell medverknad, fremje foreldras felles interesser og medverke til at elevane og foreldra kan ta aktiv del i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø.
  • Samarbeidsutvalet - SU er sett saman av representantar frå lærarane, andre tilsette, foreldra, elevane og kommunen (der rektor er ein av representantane). SU er et rådgjevande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
  • Skulemiljøutvalet - SMU er eit rådgjevande organ som skal bidra til at skulen, dei tilsette og foreldra jobber for eit trygt og godt skulemiljø. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen være representert. Utvalet skal være sammensett slik at representantane for foreldra og elevane til sammen har fleirtall.
Skule-heim samarbeid

Norske barn har ikkje skoleplikt. I staden har norske foreldre opplæringsplikt for eigne barn, og skolen er ei støtte for foreldra i denne oppgåva. Det er derfor viktig at foreldra støttar opp under eigne barn si utvikling og læring på skolen. Dette kan foreldra gjere ved å følgje opp barna sitt skolearbeid i kvardagen, og samarbeide tett med skolen. Du kan lese meir om dette på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Det kommunale foreldreutvalet (KFU) er eit samarbeidsorgan mellom representantar frå alle skolane sitt FAU (Foreldrerådet sitt arbeidsutval) og Skole.

"Askøy KFU har som hovudoppgåve å vere ei felles plattform for FAU-a der dei kan dele erfaringar, utfordringar og løysingar. Askøy KFU er også ei plattform det FAU-a kan få møte administrasjon og politikarar med tankar og innspel, men også bli spurt til råds.

Askøy KFU skal vere en pådrivar for å sikre best muleg samarbeid mellom skole og heim, vi skal sjå til  at barna våre får den skolekvardagen og den oppfølginga de har rett på.

For å kunne utføre oppdraga våre, både i skolane sine FAU og i KFU, er vi avhengige av engasjerte foreldre som involverer seg på alle nivå, og i alle dei 10 åra i grunnskolen.

Bli med og gjør en forskjell.»

Bent Dale
Leder Askøy KFU

Foreldreplakaten

Foreldreplakaten er laga av Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG):

  • Du er den første og viktigaste læraren til barnet ditt.
  • Er du engasjert, gjer barnet ditt det betre på skulen.
  • Ditt engasjement er like viktig på ungdomsskulen som i barneskulen.
  • Diskuterer du med barnet, stimulerer du hennar/hans tankar og utvikling.
  • Det er viktig at du er med og vurdere barnet sitt arbeid.
  • Når du bryr deg, blir barnet meir motivert og trivs betre på skulen.
  • Di tru på eiga rolle og mulegheit til å påverke er viktig for barnet ditt.
  • Har du eit godt forhold til skulen, påverkar det resultata til barnet ditt.
  • At du kjenner dei andre foreldra, fører til betre samarbeid og oppfølging.
  • Foreldra er ein viktig ressurs for barna sin skulegang!
Helsetenester i skulen

Skulehelsetenesta

Sjå skulehelsetenesta si heimeside.

Tannhelsetenesta

Den offentlege tannhelsetenesta skal organisere førebyggande tiltak for alle. Alle mellom 3 og 18 år blir kalla inn til distriktstannlegen. Innkallinga skal skje anten direkte til heimen eller gjennom skolen. Tannlegebehandling er gratis for barn mellom 0 og 18 år; unntak er tannregulering.»

Tannklinikk

Askøy tannklinikk finn du i 3. etasje på Kleppestø senter.

Om skulen sitt lovverk

Opplæringslova med forskrifter gir viktige føringar for skulen sitt arbeid. Her er også rettar og
plikter for elevar og foreldre heimla, blant anna rett til:

  • framskunda eller utsatt skulestart, § 2-1
  • å gå på nærskulen, og kommunen sin rett til å flytte elevar til andre skular, § 8-1
  • eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø, § 9a
  • tilpassa opplæring, § 1-3 og spesialundervisning, § 5-1
  • skuleskyss § 7
  • å velje nynorsk eller bokmål, § 2-5

Forvaltningslova

Forvaltningslova regulerer skolen si saksbehandling i elevsaker. Foreldre som er part i ei elevsak, har rett til dokumentinnsyn og rett til å bruke fullmektig og klagerett. Teieplikta i grunnskolen er heimla i forvaltningslova § 13.

Personopplysningslova

Personopplysningslova gir påbod om skolen sin tilgang til innsamling, behandling og oppbevaring av personopplysingar om elevar og føresette, også reglar for eleven og foreldra sin rett til innsyn i elevmappa.

Barnelova

Mange barn bur hos berre ein av foreldra. Retten til opplysningar frå skolen for den av foreldra som ikkje bur saman med barnet er heimla i barnelova § 47.

Barnevernslova

Skolen er lovpålagt å vere merksam på elevar som kan vere utsett for omsorgssvikt. Dersom dei tilsette på skolen finn grunn til å tru at eit barn blir utsett for omsorgssvikt, har skolen meldeplikt til det kommunale barnevernet. Påboda om teieplikt er ikkje til hinder for ei slik melding.

Kontaktinformasjon til skulane i Askøy

Fauskanger barne- og ungdomsskule og Træet skule har nynorsk som målform.