Bilde 1 klasseEin stor dag nærmar seg for barn og foreldre. Skulestarten er ein av dei store hendingane i livet, ein dag som gjerne vert hugsa for resten av livet.

No tek innskrivinga av elevar som skal starte på skulen hausten 2017 til, og vi ønskjer at de foreldre sender inn innskrivingsskjemaet så tidleg som mogleg.

Frist for innsending er 1. desember.

Etter det vil skulane invitere dykk til ulike kontaktmøte i god tid før skulestart. Det er litt forskjellige rutiner for kvar skule. Ta gjerne kontakt med nærskulen din om du har spørsmål.


Back to top