Skulens satsingsområde

Træet skule legg vektlegg eit godt læringsmiljø som grunnlag for god læring. 
Våre satsingsområde inneverande skuleår er i tråd med dette.  

  • LUP: I samarbeid med, PPT Askøy og RVTS Vest / Dag Nordanger har Træet skule og Fauskanger barne- og ungdomsskule vore pilotskular i programmet Lærings- og utviklingsstøttande pedagogikk, LUP. Programmet vart innført skuleåret 2020-2021, og arbeidet med å implementere programmet i organisasjonen er ei hovudsatsing inneverande skuleår.
  • OLWEUS: Våren 2021 var Træet skule resertifisert som Olweus-skule. Vi revitaliserer Olweus-arbeidet på skulen inneverande år, fornyer plan for sosial kompetanse og vektlegg sosial læring gjennom arbeid med fag, i tråd med ny læreplan. 
  • Fagfornyinga: Innføringa av nye læreplanar vil sjølvsagt ha eit hovudfokus og vere både overordna og grunnleggjande i arbeidet vårt. Vi ser moglegheiten til å utvikle eit profesjonelt lærande fellesskap medan vi arbeider systematisk med innføringa av nye læreplanar.

Skuledagen

 Alle elevane startar skuledagen kl 08:30 og er ferdige til følgjande tider:

 Tabell for skuleslutt MandagTysdag Onsdag TorsdagFredag
 Trinn, 5 til 7 14:15 13:15 13:15  14:15  14:15
 Trinn, 3 til 4 13:15 13:15 13:15 14:15 13:15
 Trinn, 2 13:00 13:15 13:15 13:15 13:15
 Trinn, 1 13:00 13:15 13:15 13:00 13:15

Dei dagane første trinn er ferdig kl 13.00 er det tilsyn i 15 minutter for dei som treng det.

Parkering

Skulen deler parkeringsplass med Træet barnehage. Av sikkerhetsmessige omsyn er det ikkje lov å parkere i busslomme eller krysset ved gymsalen. Vi oppmodar besøkjande til å nytte parkeringsplassen, også ved kortare ærend.


Bruk tunellen under fylkesvegen

I tidsrommet 08:00 til 16:00 skal alle nytte tunellen under fylkesvegen når dei går mellom skulen, gymsalen og parkeringsplassen.

Vi oppmodar også til å bruke undergangen på ettermiddagstid, slik at det vert etablert gode vanar.


Erstatning for skade på skulen sitt utstyr

Uhell kan hende den beste, og i dei fleste tilfella vil skulen erstatte utstyr som vert øydelagt.

Ved hærverk, viljestyrt handling eller ved gjentekne tilfelle av same sort uhell (til dømes med lekk flaske), kan foreldra få krav om erstatning.