Velkommen til Askøy kommune

Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) gler seg til å presentere vegvala og visjonane for Vestland saman med resten av fellesnemndas arbeidsutval. Framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal kjem også. No skal politikarane møte innbyggarar, kommunar og aktørar i regionane for å få innspel til planstrategien for vårt nye fylke. Sjå tid og stad for dei fem møta.

Alle kan kome

Eit føremål med møtet er at folk kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utviklingsstrategi for fylket.

Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket.

Møta er opne for alle, men representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar vert invitert spesielt, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.

Les heile saka her: Klart for dialogmøte om det nye fylket