Askøy ble tildelt Arbeidsmiljøprisen 2019

Askøy kommune fikk Arbeidsmiljøprisen for 2019 for sitt arbeid med NED-satsing (sjukefråversprosjekt).

Gjennom deltaking i det formaliserte «NED- med sjukefråværet»-samarbeidet mellom KS og Nav, klarte Askøy kommune å redusere sjukefråværet i helse og omsorg- og barnehagesektoren frå 10.8 prosent i første kvartal i 2017 til 7,7 prosent i andre kvartal i 2019.

Juryen sin begrunnelse - Arbeidsmiljøprisen 2019

Overordna for tildelinga av prisen er at det må vere eit samarbeidstiltak eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.
Arbeidsmiljøprisen 2019 går til ein arbeidsplass som sidan 2017 har gjort eit meget systematisk, partssamansett, inkluderande og godt arbeid for å redusere sjukefråværet.

Suksessfaktorar har vore:

  • Forankring hos øverste leiarar
  • Styringsgruppe samansett av kommunalsjef, fagsjefar, hovedverneombod, hovudtillitsvald, NAV lokalt, NAV arbeidslivssenter og HR
  • Fast team frå NAV som følger opp alle sjukefråværstilfell
  • Kartlegging av fråvær (oversikt og kunnskap
  • Felles opplæring i regelverk for leiarar, tillitsvalde og verneombod
  • Kursing i «den vanskeleg samtalen»
  • Samlingar med workshops og nyttige verktøy for gode prosessar
  • HR som koordinator og «styrande hand»
  • Konkrete og treffsikre tiltak som er omforeina av alle partar - både på korttids- og langtidsoppfølging og god leiarveiledning

Godt samarbeid

Juryen ser at denne arbeidsplassen har teke IA-avtalen på alvor, der arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida står saman og prøver å tilrettelegge både før ansatte blir sjuke, samt å ha god plan og rutine på oppfølging når tilsette vert sjukemeld.