TILTAKSPLAN SMIL- Askøy kommune 2012- 2015


Tidsrom. Tiltaksstrategien gjeld i fire år frå 2012 til og med 2015.

2. Overordna planar og strategiar:


Sentrale og regionale planar og føringar

  • Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
  • Regionalt miljøprogram for Hordaland- Forskrift og handlingsplan

Kommunale planar og strategiar:

  • Kommuneplanens arealdel 2006- 2018.
  • Landbruksplan for Askøy 2006- 2010.
  • Kommunedelplan for kulturminne (under utarbeiding).
  • Kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2000- 2010.
  • Miljø- og naturressursplan for Askøy.
  • Naturtyper i Askøy, 2003 (Askøy kommune og Fylkesmannen).
  • Siglingavatnet - Friluftsparken på Askøy (Askøy kommune 2011).


3. Utfordringar på Askøy


Askøy er ein vekstkommune med stor utbygging og tilflytting. Dette fører til press på aktive bruk og arealer.

Talet på bønder som søker produksjonstilskot er for tida stabilt. Vi har også fleire hagebruk som ikkje er ikkje omfatta av produksjonstilskotsordninga. I tillegg er det mange hobbybruk som er med å oppretthalde kulturlandskapet.

Det er viktig å fokusere på landbruket og den rolle dei har for å produsere miljø- og kulturgoder for samfunnet,mellom anna i form av kulturlandskap. Turvegar i utmark er særleg viktig for Askøy sin aukande folkemengde.

Askøy kommune har relativ stor andel av produktiv skog til å vere ein kystkommune, og har tidlegare vore ein aktiv pådrivar i å utvikle skognæringa. Vi har difor eit omfattande vegnett i utmarka, som også er til glede og nytte for befolkninga. Vegane er i stor grad bygd som jordvegar, og det er eit stort behov både for å ruste opp vegnettet, både til næring og friluftsføremål.


4. Mål og prioriteringar


Kulturlandskap og kulturminner Det er eit mål for kommunen å stimulere til å bevare kulturminner og kulturlandskap som er
typiske og særeigne for kystkulturen generelt og Askøy spesielt. Typiske kulturminner for kommunen vår er til dømes kulturminner med byggemateriale i stein (steingardar, jordkjellere, mjølkebrønner, driftsbygningar med meir). Ein vil prøve å bevare kulturminne som er del av eit større miljø, men også enkeltståande bygningar kan vere aktuelle.

Det er eit mål å stimulere til tiltak som opprettheld miljøkvalitetar i kulturlandskapet. Mange bruk er lagt ned og både inn- og utmark gror att. Skjøtsel av gamal innmark som ligg i område med samanhengande jordbruksareal vil bli støtta. Ein vil i hovudsak prioritere tiltak som ligg i ’’Kjerneområde landbruk” jf. Landbruksplan og / eller som A -område i Kulturminneplan.

Biologisk mangfald

Tiltak som bevarer eller legger til rette for biologisk mangfald vil bli støtta. Dette kan vere tiltak som rydding av gamal utmark og skogsbeiter. Det vil vere fokus på områder som er registrert i Naturbasen eller registrert som kystlynghei og som kan stette krav til å motta Regionalt miljøprogram (RMP) når tiltaket er ferdig rydda.

Områdeplanlegging og fellestiltak:

Det er eit mål å støtte grender og grunneigarlag som samarbeider om felles tiltak. Slike tiltak kan til dømes vere områdeplanlegging som legg til rette for næringsutvikling eller tiltak som rydding av skogvegar som opnar for allmennheita. Utsiktsrydding og tilrettelegging for friluftsliv på skogsvegane vil verte prioritert. Det er eit krav at det er del av registrert turveg og at vegane haldast open for ferdsel. Det skal i størst mogleg grad løyvast midlar som tilrettelegg for rundturar. Andre tiltak kan vere restaurering av kulturminner i utmarka mellom anna stemmer og kvernhus.


5. Tematisk og geografisk prioritering av SMIL - midlar og tiltak


Føremålet med ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdien i jordbruket sitt kulturlandskap, og redusere forureining frå jordbruket utover det som kan forventast gjennom vanleg landbruksdrift.

Områder som er kartlagt som ’’Kjerneområde landbruk” jf. Landbruksplan for Askøy eller registrert som A- område i Kulturminneplanen vert prioritert. Askøy kommune ønsker å prioritere følgande tiltak:

Kulturlandskapstilskot og biologisk mangfald:

  • Rydding av beiter i inn- og utmark for å halde landskapet opent og for å auke driftsgrunnlaget for bruka.
  • Gjerdehald for å halde innmark og beiter i drift, i første rekke på leigejord.
  • Skjøtsel av lyngheier.
  • Rydding av stier og gamle ferdselsårer generelt, og spesielt i område med særlege natur- eller kulturlandskapsverdiar.
  • Grinder og gjerdeklyv i områder som nyttast av turgåarar.
  • Tilrettelegging og merking av stiar for å styre ferdselen.
  • Restaurering av og rydding langs tørrmurar som er særmerkte for kommunen, som steingardar, bakkemurar, jordkjellar med meir.
  • Restaurering av bygningar som er særmerkte for kystkulturen.
  • Restaurering av bygningar og andre element som inngår i eit heilskapleg miljø.
  • Prosjekt for å stimulere til felles beiting av større områder til dømes i kystlynghei.

Planlegging og tilretteleggingstilskot:

  • Heilskaplege prosjekt over større områder, til dømes knytta til ei bygd eller grunneigarlag, der målet er å fremje konkrete kulturlandskapstiltak.
  • Prosjekter for å etablere samanhengande kultur- og turveinett i kommunen.

Siglingavatnet friluftspark:

Større tiltak som kommunen planlegg i prosjektperioden er lysløypeprosjekt i Kjerrgardskogen - ’’Siglingavatnet friluftspark”. Dette er kommunen sitt satsingsområde for eit større, samanhengande friluftsområde sentralt i kommunen. Prosjektet vert realisert ved kommunale midlar og spelemidlar, men må også i stor grad gjennomførast med velvilje og dugnadsarbeid av grunneigarar og grunneigarlag.

Lysløypa vil i første omgang verte lagt i ein trase på om lag 2 km. På lengre sikt er det planlagt for ei rundløype rundt heile Siglingavatnet med innfallsport mellom anna frå Nordre Haugland, Heggernes, Stien, Hanevik og Skjelvik. Tiltak som er utført på dugnad hittil er kultivering og opning av vassdraget så anadrom fisk kan vandre opp, restaurering av ei gamal stemme med meir.

For utan å gjere store skogsområder meir tilgjengeleg, vil løypa ha avstikkarar til friluftsområde ved sjø. I området ligg det mange kulturminne, utløer, gamal kulturmark, stemmer osv. Kommunen ser det slik at fleire delprosjekt utført av grunneigarar og
grunneigarlag på dugnadsbasis kan vurderast etter SMIL- forskrifta. Prosjektet vil utløyse ein god synergieffekt gjennom betre skogsvegar og tilrettelegging for friluftsliv.


6. Forventa trong for økonomiske verkemidlar i tiltaksperioden


Askøy kommune har i dag ein kvote på 100 000,-. Denne bør i tiltaksperioden auke til 150 000,- slik at aktivitetsnivået vert som i dag, og slik at kommunen kan ha eit større handlingsrom for å bidra i større prosjekt som til dømes Siglingavatnet friluftspark.

Oversikt løyvingar og søknader 2008 - 2011

År -> m 2010 W» 2*m
 Omsøkt  796 000  1289 000  715 500  1 270 000
 Løyving  100 000  150 000  140 000  150 000
 Søknader  6 10   8

Kleppestø 27. april 2012.

Back to top