PERSONVERNERKLÆRING

Personvernerklæringa til Askøy kommune definerer korleis vi behandlar person- og helseopplysningar som vi hentar inn og kva rettar dei registrerte har.

Informasjonstryggleik

Personopplysningslova seier klart at kommunen har ansvar for at personopplysningane vi hentar inn og brukar i saksbehandlinga vår er tilstrekkeleg sikra. Kommunen har innført rutinar som skal gi nødvendig tryggleik og vi har eit eige internkontrollsystem som skal følgje dette opp.

  • Berre tilsette som har bruk for det i tenesta skal få tilgang til opplysningane om deg.
  • Opplysningar skal ikkje kunna endrast eller slettast av andre enn dei som er autoriserte til å gjere dette.
  • Personopplysningane skal vere tilgjengelege for våre tilsette når desse skal utføre arbeidsoppgåver for å gi deg best mogleg tenester.

Personvern og teieplikt

Alle tilsette i kommunen har teieplikt. De tilsette plikter å hindre at andre får tilgang, eller kjennskap til personlege opplysningar om deg, som du sjølv ikkje har gjeve samtykke til.

I nokon saker skal teieplikta vere særleg streng.

Du har rett til innsyn

Du kan kontakte kven som helst av fagavdelingane våre og be om å få opplyst kva slags personopplysningar vi har registret om deg, kva dei skal brukast til og kvar dei er henta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle registre. Du skal få svar innan 30 dagar.

• Skjema for å krevje innsyn etter personopplysningslova

Du kan krevje at feil blir retta

I utgangspunktet skal vi på eige initiativ rette mangelfulle eller feile opplysningar. Men oppdagar du sjølv at noko er feil – gi beskjed til oss, så rettar vi det så fort som mogleg.

Du kan krevje at unødvendige opplysningar om deg vert sperra eller sletta

Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for formålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast etter krav i annan lovgivning, for eksempel i regnskapslova og i arkivlova. Dersom du meiner kommunen registrerer informasjon om deg som ikkje er naudsynt, kan du be om at dette blir sletta.

Behandlinga av innsynskrav skal vere gratis

Når du ber om innsyn, retting og sletting er dette gratis. (Ved krav om innsyn i journalar vil kommunen kunne kreve ein eigenandel).

Partsinnsyn etter forvaltningslova

Dersom du vender deg til oss med ei klage, vil vi normalt vise til skrivet ditt, eller sende det som vedlegg når vi tek kontakt med den innklagede parten. Du kan be om at vi ikkje opplyser om kven du er i brevet til den andre parten. Det skal likevel svært mykje til for å nekte ein part innsyn i ei sak dersom han / ho ber om det.

Askøy kommune kan difor ikkje garantere anonymitet ved slike krav.

Innsyn for pressa og ålmenta etter offentleglova

Hovudregelen etter offentleglova er at saksdokumenta frå forvaltningsorgana er offentleg tilgjengelege. Det betyr at alle som spør om det, presse og andre, vil kunne gjere seg kjent med innhaldet i saksdokumenta. Henvendelsen til oss vil dermed også vere offentleg, anten det kjem i brev, telefaks eller e-post.

Men kommunen handsamar også ein del dokument som inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt. Slike dokument blir unnateke ålmenta. Det same gjeld for interne dokument.

Vidareformidling

Kommunen skal ikkje vidareformidle informasjon av noko slag om deg til tredjepart utan at du har gjeve samtykke til det eller at det er gjeve løyve til vidareformidling i lov. (Til dømes når det gjeld utveksling av helseopplysningar ved behandling av pasientar.)

Spørsmål om personvern?

Dersom du har fleire spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningar ber vi deg ta kontakt med oss.
e-post: