Velkomen til Askøyskulen

Skulestarten er ein av dei store milepælane i livet, ein dag mange vil hugse for alltid. Eg ønskjer alle elevar ein minnerik første skuledag, og ein meiningsfull skulegang i Askøyskulen gjennom 10 år med grunnskule.

I Askøy kommune er det 17 grunnskular: 13 barneskular, tre ungdomsskular og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Til saman er vi over 620 tilsette i fagavdeling skule, dei fleste er lærarar, men i fagavdelinga arbeider det og leiarar, fagarbeidarar, spesialpedagogar og andre yrkesgrupper som jobbar for god kvalitet i opplæringa.

Opplæringslova med forskrift er dei viktigaste styringsdokumenta for skulen. Eg oppmodar foreldre om å setje seg inn i lovverket for skulen, og i læreplanen som skildrar kva elevane skal lære på skulen. Læreplanen inneheld ein generell del, her kan de lese om korleis skulen jobbar for å utvikle barn og unge sine evner til erkjenning og oppleving, til innleving, utfalding og deltaking i samfunnet.

Samarbeidet mellom heim og skule er limet i elevane si læring og utvikling. Askøyskulen er avhengig av eit tett samarbeid med foreldra for å lukkast med å nå måla i lov og forskrifter. Ingen kjenner barna betre enn foreldra. Kunnskapen som de har om barnet har mykje å seie for læringsarbeidet til eleven på skulen. Eg oppmodar derfor alle foreldre til å vere aktive i dialogen med skulen, og delta på møteplassar som skulen inviterer til. Om de som foreldre prioriterer skulen i ein travel kvardag, vil barnet dykkar truleg gjere det same.

Foreldre kan gjere ein positiv forskjell for skulen. Gjennom å engasjere deg i skulen sine organ for medverknad og utvikling, som foreldra sitt arbeidsutval (FAU) eller i samarbeidsutvalet (SU), kan du delta i eit samarbeid som styrkjer skulen som læringsarena for ditt og andre sine barn. Det er ein samfunnsnyttig, framtidsretta og ikkje minst hyggeleg dugnad å medverke til barna sin skulegang og deira framtid.

På vegner av Askøy kommune vil eg ønskje elevar og foreldre velkomne til skulestart!

Venleg helsing frå
Anne-Merete Mærli Hellebø
Fagsjef skule

 


Skjema som må sendast inn


Ansvaret i skulen

Askøy kommune har 17 grunnskular og vaksenopplæring.

  • Kommunestyret er det øvste politiske organet i kommunen og har det overordna ansvaret for skulane.
  • Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar.
  • Kommunalsjef oppvekst har ansvar for skular og barnehagar.
  • Fagsjef skule er fagleg ansvarleg for skulane i kommunen.
  • Rektor er fagleg leiar for den enkelte skule.
  • Avdelingsleiar har fagleg og praktisk ansvar for skulefritidsordninga (SFO) og ulike trinn.
  • Kontaktlærar er ansvarleg for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga i den einskilde klasse. Kontaktlæraren samordnar tilrettelegging for eleven si læring og trivsel, og er hovudansvarleg for kontakt med heimen.

Læreplan

Læreplanane for grunnskulen er samla i Kunnskapsløftet (2006), og inneheld ein generell del, prinsipp for opplæringa, læreplanar for fag og timefordeling i faga. Læreplanane er forskrifter til opplæringslova og styrer innhaldet i opplæringa. Læreplanar for fag er bygd opp av kompetansemål som seier kva elevane skal ha lært etter 2., 4., 7. og 10. trinn.

Kunnskapsdepartementet har begynt arbeidet med fornying av læreplanane. Målet er å gjere innhaldet i dei ulike delane meir aktuelle for dagens og framtidas samfunn. Faga skal få eit meir relevant innhald, ei tydelegare prioritering og betre samanheng mellom faga.

Generell del blir erstatta med Overordna del, som utdjupar formålsparagrafen i opplæringslova. Lenkje til “Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa”.

I Overordna del er verdigrunnlaget og prinsippa for opplæringa:

  • likeverd og likestilling
  • kulturelt mangfald og - medvit
  • evne til kritisk tenking og etisk medvit
  • skaparglede, kreativitet, engasjement og utforskartrong
  • respekt for naturen og klima- og miljømedvit
  • forståing og utøving av demokratiske verdiar og medverknad

Verdiane i Overordna del skal visast i pedagogisk praksis og i samarbeidet mellom heim og skule. Askøy kommune byrjar arbeidet med å innføre dei nye læreplanane hausten 2019, og dei blir gjeldande frå hausten 2020.


Alle elevar skal få tilpassa opplæring

I opplæringslova § 1-3 står det at opplæringa skal tilpassast eleven sine evner og føresetnader. Tilpassa opplæring er ein del av det ordinære tilbodet, og eit styrande prinsipp for at elevar skal få godt utbyte av opplæringa. Tilpassa opplæring er ikkje ein individuell rett, men skal skje gjennom variert undervisning som er tilpassa elevgruppa. Om eleven ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære tilbodet, vil ho/han ha rett til spesialundervisning.

Om spesialundervisning seier Opplæringslova § 5: ”Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.(…) Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. (…)”


PPT - pedagogisk psykologisk teneste

Pedagogisk-psykologisk teneste, PPT eller PP-tenesta, er ei kommunal rådgjevande teneste for skulane. PPT er ein sakkyndig instans i spørsmål om barn, ungdom og vaksne sin opplæringssituasjon og behov for spesialundervisning.

Elevar over 15 år, foreldre, barnehagar, skular og tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PP- tenesta for rådgjeving. For meir info, besøk PPT si heimeside.


Logopedtenesta fagavdeling skole

Fagavdeling skule har logopedar som gir hjelp til elevar og rådgiving til skulane. Elevar som treng logopedhjelp blir meldt frå skulen i samarbeid med foreldra. Logopedane gir opplæring på skulen til eleven, eller på kontoret i Energigården på Kleppestø. Logopedtenesta følgjer ikkje skuleruta, difor er det mogleg å få hjelp utanom skulen si opningstid.


Særskilt språkopplæring for elevar med anna morsmål

Opplæringslova § 2-8 handlar om elevar med anna morsmål enn norsk og samisk. Elevane har rett til særskilt norskopplæring til dei har tilfredsstillande norskkunnskapar til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dette betyr også at slike elevar kan ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring, eller begge delar.

Askøy kommune gir tilbod om særskilt norskopplæring i eigne innføringsgrupper første året. Frå andre året skal elevane gå på nærskulen og halda fram med grunnleggjande opplæring i norsk.


Skulefritidsordninga - SFO

Skulefritidsordning (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar på 1.- 4. steg. For elevar med spesielle behov gjeld tilbodet også frå 5.-7. steg. SFO-tilbodet gjeld og i skulen sine feriar (sjå vedtekter for detaljar).

Opplæringslova §13-7 slår fast at skulefritidsordninga skal «leggje til rette for leik, kultur- og fritids-aktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal gjevas gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere egna for formålet.»

SFO i Askøy er ein del av skulen si totale verksemd med målsetjingar, planar og aktivitetar. Opningstider og anna informasjon får ein ved å ta kontakt med skulane. Påmelding kan skje elektronisk på kommunen si heimeside.

Utval for oppvekst og levekår (UOL) har felles vedtekter for SFO-tilbodet i kommunen. Vedtektene ligg på kommunen si heimeside og på den enkelte skule. Betalingssatsar for SFO-tilbodet blir vedtatt av kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga.


Leksehjelp

Forskrift til Opplæringslova: «Kommunen skal tilby leksehjelp med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik kommunen avgjer.»

I Askøy kommune er timane fordelt med 6 timar på 5.-7. trinn og 2 timar på 8.-10.trinn. Askøy kommune har eit samarbeid med «Røde kors» om frivillige som er med i leksehjelpordninga ved enkelte skular.


Skulen sine rådsorgan

Skulen sitt samarbeidsorgan har som arbeidsmål at det skal fremje utvikling og samarbeid mellom skule, heim og nærmiljø. Samansetjing og formål er nærare beskrive i Opplæringslova kapittel 11.

  • Elevrådet representerer elevane. Rådet skal fremje elevane sine felles interesser i arbeidet med å skape eit godt læringsmiljø og eit godt skulemiljø.
  • Foreldrerådet representerer alle foreldre som har barn i skulen, og skal medverke til godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU).
  • Samarbeidsutvalet representerer lærarane, andre tilsette, foreldra, elevane og kommunen. Rektor er ein av representantane og har uttalerett i alle saker som gjeld skulen.
  • Skulemiljøutvalet er eit rådgjevande organ med rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem skulemiljøet. I skulemiljøutvalet skal elevar, foreldre/føresette, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Utvalet skal vere samansett slik at representantane for foreldra/føresette og elevane til samen har fleirtal.

Skule-heim samarbeid

Norske barn har ikkje skuleplikt. I staden har norske foreldre opplæringsplikt av eigne barn, og skulen er ei støtte for foreldra i opplæringa. Det er viktig at foreldra støttar barna i deira utvikling og opplæring frå første dag på skulen. Eit tett samarbeid mellom heim og skule kan vera avgjerande for barnet si læring og deira utvikling. Du kan lese meir om dette på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Det kommunale foreldreutvalet (KFU) er eit samarbeidsorgan mellom representantar frå alle skulane sine FAU (Foreldrerådet sitt arbeidsutval) og Fagavdeling skule.

«Askøy KFU har som hovedoppgave å være en felles plattform for FAU-ene hvor de kan dele erfaringer, utfordringer og løsninger. Askøy KFU er også en plattform hvor FAU-ene kan få møte administrasjon og politikere med tanker og innspill, men også bli spurt til råds.

Askøy KFU skal være en pådriver for å sikre best mulig samarbeid mellom skole og hjem. Vi skal passe på våre at barn får den skolehverdag de har rett på og den oppfølging de har rett på.

For å kunne utføre våre oppdrag, både i skolenes FAU og i KFU, er vi avhengig av engasjerte foreldre som involverer seg på alle nivå, og i alle de 10 årene i grunnskolen.

Ver med og gjør en forskjell.»

Christopher Donné
Leder Askøy KFU


Foreldreplakaten

Foreldreplakaten er laga av Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG):

  • Du er den første og viktigaste læraren til barnet ditt.
  • Er du engasjert, gjer barnet ditt det betre på skulen.
  • Ditt engasjement er like viktig på ungdomsskulen som i barneskulen.
  • Diskuterer du med barnet, stimulerer du hennar/hans tankar og utvikling.
  • Det er viktig at du er med og vurdere barnet sitt arbeid.
  • Når du bryr deg, blir barnet meir motivert og trivs betre på skulen.
  • Di tru på eiga rolle og mulegheit til å påverke er viktig for barnet ditt.
  • Har du eit godt forhold til skulen, påverkar det resultata til barnet ditt.
  • At du kjenner dei andre foreldra, fører til betre samarbeid og oppfølging.
  • Foreldra er ein viktig ressurs for barna sin skulegang!

Helsetenester i skulen

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er heimla i Opplæringslova. Denne tenesta arbeider helsefremjande og førebyggjande, både med psykisk og fysisk helse og sosiale forhold. Arbeidet til helsesykepleier i skulen er rådgjeving, helseundersøkingar, vaksinering, oppfølging og tilvising til andre helsetenester. Samarbeid med elevar, heim og skule er nødvendig for å lukkast i arbeidet med barna og ungdommen. Alle skular har ei helsesykepleier som er fast medlem i skulen sitt ressursteam.

Elevar kan kontakte helsesykepleier i kontakttida. Sjå skulen si heimeside, eller ring for å få den enkelte skulen si kontakttid. Ønskjer foreldre kontakt med helsesykepleier, kan de ringje for avtale. Ein kan ta opp alt som angår den enkelte elev si helse og hennar/hans trivsel.

Helsesykepleier sine faste oppgåver

1. trinn: Undersøking av lege og helsesykepleier på helsestasjonen. Høgde, vekt og høyrselstest
2. trinn: Difteri/stivkrampe/kikhoste/polio (DTP - IPV)
3. trinn: Vekt og høgdemåling
6. trinn: Vaksinering mot meslingar/kusma/raude hundar (MMR)
7. trinn: Vaksinering mot HPV (berre jenter får tilbodet)
10. trinn: Vaksinering mot difteri/stivkrampe/kikhoste/Polio (DTP-IPV)

Tannhelsetenesta

Den offentlege tannhelsetenesta skal organisere førebyggjande tiltak for alle. Alle mellom tre - 3 og 18 år blir kalla inn til distriktstannlegen. Innkallinga skal skje direkte til heimen, eller gjennom skulen.
Tannlegebehandling er gratis mellom 0-18 år, bortsett frå tannregulering.

Tannklinikkane

Florvåg og Kleppestø tannklinikkar er slegne saman til ein klinikk. Askøy tannklinikk finn du i 3. etasje på Kleppestø senter.


Om skulen sitt lovverk

Opplæringslova med forskrifter gir viktige føringar for skulen sitt arbeid. Her er også rettar og
plikter for elevar og foreldre heimla, blant anna rett til:

  • framskunda eller utsatt skulestart, § 2-1
  • å gå på nærskulen, og kommunen sin rett til å flytte elevar til andre skular, § 8-1
  • eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø, § 9a
  • tilpassa opplæring, § 1-3 og spesialundervisning, § 5-1
  • skuleskyss § 7
  • å velje nynorsk eller bokmål, § 2-5

Forvaltningslova

Forvaltningslova regulerer skulen si sakshandsaming i elevsaker. Foreldre som er part i ei elevsak, har rett til dokumentinnsyn og rett til å bruke fullmektig og klagerett. Teieplikta i grunnskulen er heimla i forvaltningslova § 13.

Personopplysningslova

Personopplysningslova gir reglar for skulen sin tilgang til innsamling og handsaming av person- opplysningar om elevar og foreldre, mellom anna rett til innsyn i elevjournalen og reglar for
oppbevaring av personopplysningar.

Barnelova

Mange barn bur hos ein av foreldra. Retten til opplysningar frå skulen for den av foreldra som ikkje barnet bur samen med, er heimla i barnelova § 47.

Barnevernslova

Skulen er lovpålagt å vere merksam på elevar som kan vere utsett for omsorgssvikt. Dersom dei tilsette på skulen finn grunn til å tru at eit barn blir utsett for omsorgssvikt, har skulen meldeplikt til det kommunale barnevernet. Avgjerdene om teieplikt er ikkje til hinder for ei slik melding.


Kontaktinformasjon til skulane i Askøy

Fauskanger barne- og ungdomsskule og Træet skule har nynorsk som målform.