Skuledagen

Alle elevane startar skuledagen kl 08:30 og er ferdige til følgjande tider:

 Tabell for skuleslutt MandagTysdag Onsdag TorsdagFredag
 Trinn, 5 til 7 14:00 13:00 14:00  14:00  13:00
 Trinn, 3 til 4 13:00 13:00 14:00 13:00 13:00
 Trinn, 2 13:00 13:00 14:00 13:00 13:00
 Trinn, 1 13:00 13:00 13:00 13:00 12:00

Parkering

Skulen deler parkeringsplass med Træet barnehage. Av sikkerhetsmessige omsyn er det ikkje lov å parkere i busslomme eller krysset ved gymsalen. Vi oppmodar besøkjande til å nytte parkeringsplassen, også ved kortare ærend.


Bruk tunellen under fylkesvegen

I tidsrommet 08:00 til 16:00 skal alle nytte tunellen under fylkesvegen når dei går mellom skulen, gymsalen og parkeringsplassen.

Vi oppmodar også til å bruke undergangen på ettermiddagstid, slik at det vert etablert gode vanar.


Erstatning for skade på skulen sitt utstyr

Uhell kan hende den beste, og i dei fleste tilfella vil skulen erstatte utstyr som vert øydelagt.

Ved hærverk, viljestyrt handling eller ved gjentekne tilfelle av same sort uhell (til dømes med lekk flaske), kan foreldra få krav om erstatning.


Vurdering for læring

Skulebasert kompetanseutvikling inneber at leiinga og heile det pedagogiske personalet deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass. Føremålet er å utvikle skulen sine samla kunnskapar, haldningar og dugleikar til læring, undervisning og samarbeid. 

Personalet på Træet skule deltek i ulike skulebaserte kurs gjennom opplegget 'Massive Open Online Course' (MOOC).


Solidaritetsaksjonar

Træet skule har lang tradisjon for solidaritetsarbeid og har to solidaritetsaksjonar kvart år; i adventstida og før sommarferien.

Inntektene frå arrangementa går til 'Kolibri - Children at Risk Foundation' (CARF) og lokal aktør Marianne Juvik Sæbø sitt engasjement for betring av tilhøva på øst-europeiske barneheimar.